Nhi Le hadde som mål å studere og finne svar på korleis ho kunne gjere verda betre. Spesielt fag innan miljø- og naturressursøkonomi på Handelshøgskolen ved UiS har hjelpt henne med det.
Alder: 28
Stilling: Graduate Commercial Analyst
Arbeidsstad: Vår Energi
Studerte på UiS: Master i økonomi og administrasjon på Handelshøgskolen ved UiS
Spesialisering: Økonomisk analyse og Finans
Som student på Handelshøgskolen ved UiS blei eg nøye rettleia av rettleiaren min, faglærarar og tilsette til kva slags jobbar eg kunne søke etterpå.
Nokre år tilbake tok Nhi Le frå Vietnam ein bachelor i finans og regnskap. Etter over tre i arbeidslivet fann ho ut at ho ville gå tilbake til å studere for å utvikle kunnskapen sin på feltet.
Her på Handelshøgskolen ved UiS har ho tatt økonomisk analyse som hovudfag og anvendt finans som spesialisering, noko som passa godt med hennar studieveg, bakgrunn og forventning.
Kvifor fall valet på Stavanger og Handelshøgskolen ved UiS?
Det var fleire grunnar til at eg valde Stavanger for høgare utdanning. For det første så overraska den vakre naturen meg då eg søkte på Stavanger på internett. Å bu her gir meg fleire moglegheiter til å reise andre stadar. Eg elsker å fordjupe meg i vakre landskap som fjordar, fjell, og strender.
For det andre så har eg heilt sidan eg var student villa unngå å stå for dei negative verknadene økonomien har på miljøet. Eg har alltid hatt lyst til å gjere verda til ein betre stad for menneske, noko som motiverte meg til å studere igjen og finne svar på desse problema. På Handelshøgskolen ved UiS fekk eg tilbod om mange kurs i samfunnsøkonomi: mikro- og makroøkonomi, arbeidsøkonomi og miljø- og naturressursøkonomi. Sistnemnde hjalp meg å gå djupare i feltet og utforske problema.
Les også: Masterstudentane tok med casearbeid ut til vindkraftpark
Til slutt, i tillegg til økonomispesialiseringa, hadde eg moglegheita til å satse på ein annan spesialisering: Anvendt finans. Denne studievegen er fleksibel og praktisk for å auke sjansen til å få jobb i ulike sektorar.
Kva har du forska på i masteroppgåva di?
Min studieven, Sindre, og eg jobba samen på masteroppgåva «The Ordinary People's Preferences for Space Tourism: A Choice Experiment in Norway».
Først undersøkte me kor mykje folk generelt var villige til å betale for ein spesifikk romreise. I tillegg rekna me ut marknadsdelane ut frå dei ulike prislappane på turen. Interessant nok undersøkte me også effekten av karbonfotavtrykket forårsaka av romflygingar på folks preferansar.
Database og statistikk viste at rundt 48 prosent av respondentane ville dratt til verdsrommet dersom dei fekk turen gratis. Estimeringsresultat viser at 1/5 av vanlege nordmenn ville vore villige til å betale mellom 2,42- og 4,27 millionar kroner (finansiert med eit lån tilbakebetalt over ti år til null rente) for ein romreise.
Les også: To masterstudentar frå Handelshøgskolen ved UiS har fått publisert studien frå masteroppgåva si i ein internasjonal journal
Kva går jobben du har fått i Vår Energi ut på?
Stillinga min heiter "graduate commercial analyst", og den har oppgaver som:
- Bidra i det daglege arbeidet i den kommersielle avdelinga
- Utføre analyse av pris- og mengdedata, og komme med input til budsjett og prognosar
- Bistå med administrasjon av gassalgsavtalar og fakturarelaterte spørsmål
- Oppdatering av rapportsystem og rapportar for rapportering av gassalg til skattemyndigheiter og europeiske myndigheiter
- Koordinere, utføre og verifisere Due Diligence-rapportar, kredittsjekkar, svartelistekontroll, faktura og interne kontrollar
Korleis har du blitt førebudd på arbeidslivet gjennom masteren?
Som student ved Handelshøgskolen ved UiS vart eg nøye rettleia av rettleiaren min, faglærarar og tilsette til å velje kva slags type jobb eg kunne søke etter endt utdanning. I tillegg til førelesingar kunne eg delta i gruppearbeid og aktivitetar på campus. Desse hjalp med med å få mykje sjølvtillit og ferdigheiter, som for eksempel teamarbeid, problemløysing og presentasjonsevnar, som gjorde at eg kunne utvikle meg profesjonelt.
Les også: Lærer om motivasjon på arbeidsplassen gjennom å jobbe som konsulentar
Kvifor burde andre velje same studieretning som deg?
Studia mine i økonomi har gitt meg analytiske, problemløysande ferdigheiter og eit forretningdriven tankesett som alle er avgjerande for å lykkast på arbeidsplassen. Hovudfaget økonomi er designa for å gje deg kunnskapen og ferdigheitene som er nødvendige for å analysere historiske trendar, nåverande forhold og allokering av knappe ressursar, slik at du kan gjere fremtidige spådommar og ta informerte forretningsavgjerder.
Har du nokre råd til nye studentar, og dei som kjem til å studere i framtida?
Først og fremst bør du prøve å bli kjent med fakultetet, dei tilsette og studievener, slik at dei kan vere med deg gjennom reisa di. For det andre bør du finne ein deltidsjobb eller praksisplass i feltet, fordi studentar som jobbar fleire timar i veka mens dei studerer vil sannsynlegvis administrere og bruke tida si meir effektivt. Til slutt: Nyt tida di som student ved å delta i fritidsaktiviteter, for eksempel arrangert av studentar og universitetet. Dette vil auke engasjementet ditt i studentlivet, noko du ikkje får oppleve igjen etter du er ferdig utdanna.
Les også: Lærerik «BootCamp» for nye masterstudentar
Aktuelt frå Handelshøgskolen ved UiS
Ola Kvaløy utnevnt til utvalg om sirkulær økonomi
Regjeringen setter ned en ekspertgruppe for å se på virkemidler for å redusere ressursbruken og bidra til en mer sirkulæ...
Senter for innovasjonsforskning opprettes som forskningssenter i fem nye år
Det nåværende senterets funksjonstid utløp den 31. desember 2023. Søknaden om å etablere senteret på ny ble godkjent av ...
Roald Martinussen 70 år
Vi gratulerer vår kjære kollega, dosent Magnus Roald Martinussen med 70-årsdag søndag 28. januar.
Menn og yngre har høyest lederambisjoner blant sykepleiere
Ledere som støtter, lytter og verdsetter ansatte er svært viktig for sykepleieres ambisjoner om videre karrierevalg i he...
Nytt årsstudium i økonomi og ledelse
Lyst til å teste økonomistudier? Nå kan du ta et årsstudium i økonomi og ledelse ved Universitetet i Stavanger!
Doktorgrad om hvordan elevers tankesett påvirker læringsresultater
Elin Svensen disputerte for ph.d.-graden i sosiologi, sosialt arbeid, kultur og samfunn ved Det samfunnsvitenskapelige f...
Ser verden med nye briller etter fullført Executive MBA
– Jeg kommer til å få nytte av denne graden både i jobben min i politiet og i politikken sier Mushrifa Ali Mubarak. Hun ...
Studentar konkurrerte om beste konsulentrapport
Også i år fekk studentane i kurset “Economics of Motivation” prøva seg som konsulentar i arbeidslivet for å testa ut teo...
Nordens største økonomifestival – for sjuende gang
Tradisjonen tro inntar økonomer, samfunnsdebattanter, politikere og fagfolk en rekke scener og puber i Stavanger i slutt...
Øk barnetrygden og innfør løpende barnehageopptak for å forhindre at fattigdom går i arv
Ekspertgruppen om barn i fattige familier leverte tirsdag 17. oktober sine anbefalinger til barne- og familieminister Kj...
Møt Mona, ein av dei første masterstudentane i rettsvitskap i Stavanger
Denne hausten starta dei første studentane på det nye masterstudiet i rettsvitskap ved Universitetet i Stavanger. Om to ...
Lærer studentane å bruka KI
Det vil vera avgjerande å meistra KI-teknologi i framtida. Som student ved Handelshøgskolen ved UiS lærer du korleis du ...
Marte Solheim tildelt pris for framifrå bidrag til regionsforsking
Marte Solheim er tildelt Regional Studies Associations pris "Distinguished Service Award" for 2023. Prisen blir delt ut ...
Rune Dahl Fitjar blir ny leder for Senter for innovasjonsforskning
Fitjar er professor i innovasjonsstudier og kommer fra stillingen som prorektor for innovasjon og samfunn ved Universite...
UiS-forskere hevder seg på internasjonal ranking
Ron Boschma og Bjørn Terje Asheim, begge tilknyttet Senter for innovasjonsforskning ved UiS, er på Research.coms rangeri...
Nytt studieprogramråd for Master i økonomi og administrasjon opprettet
Rådet består eksterne interessenter fra samfunn- og næringsliv og akademia. Hensikten med rådet er å forbedre kvaliteten...
Ola Kvaløy fortsetter som dekan ved Handelshøgskolen
Dekan ved Handelshøgskolen ved UiS, Ola Kvaløy, får fornyet sitt åremål med fire nye år.
Gode søkertall til ny jusutdanning i Stavanger
Fra høsten 2023 tilbyr Universitetet i Stavanger for første gang full jusutdanning. Det har hatt effekt på søkingen til ...
Handelshøgskolen ved UiS øker forskningsproduksjonen og kvaliteten
Forskerne ved Handelshøgskolen ved UiS produserte mer forskning og publiserte flere artikler i topptidsskrifter i 2022 e...