Ny podkastserie skal styrke etisk refleksjon i jordmorutdanninga

Gjennom forskingsprosjektet Caring Futures har forskarar ved Universitetet i Stavanger og Stavanger universitetssjukehus laga ein podkastserie til bruk i jordmorutdanninga.

Publisert Sist oppdatert
Jordmor med nyfødt baby
Jordmor ved Stavanger universitetssjukehus (Foto: Elisabeth Tønnessen).

I podkastserien reflekterer jordmødrer med ulik erfaringsbakgrunn over vanlege etiske problemstillingar frå eigen praksis. Episodane tek utgangspunkt i ein fødsel som blir vist i NRK-serien Jordmødrene, der jordmødrer må gjere kritiske vurderingar for val av fødestad og behov for overvaking av fosterlyd. På den aktuelle fødestaden er transporttida til ei kvinneklinikk over ein time med blålys.

Dei ulike gruppene av jordmødrer i podkastane inkluderer:

  • Relativt nyutdanna jordmødrer.
  • Erfarne jordmødrer på føde/barsel.
  • Kommunejordmødrer.
  • Jordmødrer som arbeider med kvinner med fødselsangst.

Undervisning av jordmorstudentar

Dei fem podkastepisodane tek for seg tema som relasjonsbygging, omsorg for mor og far, samt bruk av teknologi og profesjonen sitt etiske ansvar. Ein eigen episode tek opp spørsmål knytt til teknologi og omsorgsetikk, og belyser korleis teknologisk utvikling påverkar omsorg og relasjonar til foreldre og barn.

Denne hausten har jordmorstudentane ved UiS fått høve til å høyra episodane. Podkastserien er òg delt med alle jordmorutdanningane i landet, slik at fleire studentar kan dra nytte av dei verdifulle refleksjonane.

– Hensikta med podkastane er å bidra til at studentane får betre forståing for vanlege etiske utfordringar i jordmoryrket. Gjennom å lytte til podkastane og delta i diskusjonar, skal dei få inspirasjon til både å reflektere over eigne erfaringar frå praksis og til å ta gode og gjennomtenkte profesjonelle val, forklarar Marta Høyland Lavik, som er forskar ved Stavanger universitetssjukehus og professor II ved UiS.

Forskarane har òg utvikla eigne undervisningsopplegg for bruk av podkastane. Ved å kombinere film, podkastar og diskusjonar gir undervisningsopplegget ei unik moglegheit til å knyte teori og praksis tettare saman.

– Dette kan bidra til å utvikle reflekterte og godt førebudde jordmødrer som kan handtere komplekse utfordringar i faget, meiner Lavik.

Podkastane fungerer som eit verktøy for å:

  • Fremje kritisk tenking og erfaringsutveksling blant studentane.
  • Stimulere til djupare forståing av omsorga si rolle i ein teknologisk kontekst.
  • Førebu studentane på etiske og praktiske utfordringar i faget.

Poenget med podkastane er at studentane skal kunne lytte seg inn i den faglege samtalen som føregår kontinuerleg mellom jordmødrer, og at dei slik får drahjelp til eigen fagleg refleksjon rundt det dei opplever i praksisfeltet.

Podkastserien er laga av Marta Høyland Lavik i samarbeid med professor Ellen Ramvi og jordmor Signe Egenberg ved Stavanger universitetssjukehus. Serien er produsert av Stavanger universitetssjukehus og eigd og lagra av Universitetet i Stavanger.

Forskarar ved UiS:

Professor i bibelvitenskap
Det helsevitenskapelige fakultet
Avdeling for omsorg og etikk
Professor i sykepleierfag
51834179
Det helsevitenskapelige fakultet
Avdeling for omsorg og etikk