Éin av to legar seier dei har fått dårlegare psykisk helse i løpet av turnusperioden. Kortvarige og individfokuserte mindfulness-baserte tiltak kan vera til hjelp for medisinstudentar, viser eit systematisk kunnskapsoversyn som Kunnskapssenter for utdanning (KSU) har laga forskingsnotat av.
Nesten alle turnusleger opplever tidspress i jobben, og nær halvparten opplyser at dei har fått dårlegare psykisk helse, skriv NRK i ein nylig publisert nyheitsartikkel.
Statskanalen viser til innsiktsplattforma Medlytic, der 42,8 prosent av 746 turnusleger svarer at den psykiske helsa deira er blitt dårlegare i løpet av turnustenesta.
«Jeg er glad for å se at mange leger opplever miljøet på arbeidsplassen godt, men det er svært bekymringsfullt at mange opplever en forverring i sin psykiske helsetilstand,» sier Kristin Utne, leder i Yngre legers forening, i artikkelen.
Tidlegare i sommar intervjua NRK ein turnuslege som frykta alvorlege legetabbar på akuttmottaket ho jobba på, grunna eit arbeidspress ho meinte var uforsvarleg.
Nytt forskingsnotat om legestudentar
Kunnskapssenter for utdanning (KSU) har nettopp publisert eit forskingsnotat, basert på eit systematisk kunnskapsoversyn, som tar føre seg problemstillingar rundt dette temaet. Forskingsnotatet «Mental helse blant medisinstudentar» skildrar belastningane medisinstudentar går gjennom.
«Medisinstudentar blir utsette for særskilte stressfaktorar som kan gjere dei meir sårbare for å utvikle psykiske lidingar og sjøldrapstankar. Vidare kan det sjå ut til at trass i kunnskapen medisinstudentar har om psykiske lidingar og tilgang til hjelp for det dei strever med, søker dei sjeldnare hjelp enn andre i same aldersgruppe. Det er derfor viktig å få innsikt i kva som skal til for å hjelpe denne spesifikke studentgruppa,» heiter det i innleiinga.
Stresset aukar utover i utdanninga
Det systematiske kunnskapsoversynet, som forskingsnotatet er basert på, består av til saman 39 studiar. 24 var frå USA, og 13 av studiane var randomisert-kontrollerte studiar. Dei 39 studiane inkluderte til saman 7387 deltakarar mellom 18 og 32 år, der fleirtalet av deltakarene var kvinner.
Forskingsnotatet konstaterer at det er teikn til at presset på medisinstudenten si mentale helse aukar i løpet av utdanningsløpet, og at det er i dei kliniske åra det er høgast førekomst av depresjon, stress og til og med sjølvmordstankar.
Når det gjeld tiltak, viser notatet til at studiane som undersøkte tiltak retta mot angst, depresjon eller stress, kom fram til at at relativt kortvarige og individfokuserte mindfulnessbaserte tiltak «kan redusera symptomtrykket for nokre av desse lidingane hos nokre medisinstudentar.» Ein viktig nyanse blir likevel her trekt fram: «Ein må ha i mente at brorparten av intervensjonane blei sett til verks i løpet av dei førkliniske åra.»