Herman (22) vil bli advokat: – Ei god utdanning å ha, uavhengig av kva du skal seinare i livet

Herman Nikolay Kristiansen studerer rettsvitskap. – Det er ein veldig stor marknad for det juridiske her i Stavanger. Det var nok det som appellerte mest, seier han.

Publisert Sist oppdatert
Mann i mørke klær foran store vinduer
Student Herman Nikolay Kristiansen.

Namn og alder: Herman Nikolay Kristiansen, 22
Heimstad:
 Fredrikstad
Her bur eg i Stavanger: Bjergsted
Dette studerer eg no
Rettsvitenskap, bachelor

Eg studerer rettsvitskap fordi:

– Det var ikkje noko eg tenkte heilt klart frå starten av vidaregåande at eg var interessert i, men så gjekk tida. Siste året på vidaregåande må ein ta eit val, eller i alle fall finne ut av kva ein ynskjer å drive med dei neste åra.

Etter kvart fann han ut at juss kanskje var det som passa han best med tanke på interessene hans.

– Eg er kanskje litt over gjennomsnittet samfunnsengasjert, og har ei grunnleggjande interesse for lover og reglar, og sterk rettferdssans.

– Det er fleire studiestadar som tilbyr rettsvitskap, men eg har vore ein del i Stavanger tidlegare. Eg likte meg godt her. Det er jo ein by der det er mykje som skjer i næringslivet. UiS er eit universitet i veldig stor utvikling. Det skjer ting heile tida. Det er ein veldig stor marknad for det juridiske her i Stavanger. Det var nok det som appellerte mest.

Han fortel at han også høyrde rykter om at det kom ein mastergrad i rettsvitskap, og at det var det som var utslagsgjevande då han valde å studere i Stavanger.

Mitt favorittemne på studiet:

– Eg likar eigentleg alle emnene som er forretningsjuridiske. Avtalerett (BRV110), Immaterialrett (BRV215), Erstatningsrett (BRV220) og slike ting. Men det er avtalerett eg interesserer meg mest for. Der lærer vi kva som skal til for at ein til dømes har inngått ein avtale. Det den vanlege «mannen i gata» reknar som ein avtale, er kanskje ikkje det same som det juridiske.

Derfor vil eg anbefale studiet:

– Du må i utgangspunktet ha ei grunnleggjande interesse for lover og reglar. Det er ein god stad å starte. Og så tenkjer eg at det uansett er ei god utdanning å ha, uavhengig av kva du skal drive med seinare i livet.

LES OGSÅ: 10 gode grunner til å velge UiS

Dette er mitt beste studietips:

– Det er ganske individuelt. Eg jobbar nok litt annleis enn dei eg sit på lesesalen med. Eg har ei oppgåvetilnærming til studiet. Andre les kanskje bøker meir slavisk enn det eg gjer. Til sjuande og sist handlar det om å finne ut kva som fungerer best for ein sjølv.

– Det er lurt å gjere eksamensoppgåver, og kanskje bruke bøkene som eit oppslagsverk. Det trur eg er ei fornuftig tilnærming.

Slik blei eg kjent med medstudentar på UiS:

– Fadderveka er ein veldig viktig stad å starte. Det må du prioritere! Eg får ikkje sagt det nok. Det er utruleg kjekt. Møt opp der, og bli med på det som er mogleg den første veka. Då blir ein kjent med folk automatisk.

– I etterkant trur eg det handlar mykje om å møte opp på ulike arrangement i regi av linjeforeiningane. Og å bli medlem i linjeforeininga.

Sjølv er han styreleiar i linjeforeininga JuFo – Juristforeningen i Stavanger.

– Det er veldig gøy. Det er ein bra møteplass.

Dette likar eg å gjere på fritida:

– Eg brukar ein del tid på familie og venner. Det går kanskje litt over gjennomsnittet mykje tid til skulearbeid. Det er eit krevjande studium. Utover det, så trenar eg litt når eg har tid til det.

Dette er typisk Stavanger:

– Olje! Dialekta er også særeigen. Det har sin sjarm!

Dette er min draumejobb:

– Etter at eg har teke ein mastergrad også, ynskjer eg å bli fullmektig. For å deretter bli advokat.

LES OGSÅ: UiS er tett på arbeids- og næringslivet