Fagmiljø for praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) i utøvande og skapande kunstfag

Fakultetet for utøvande kunstfag si PPU-utdanning har ei unik profilering av pedagogikk innan musikk, dans, drama og teater.

Publisert Sist oppdatert
Fakta

Praktisk-pedagogisk utdanning i utøvande og skapande kunstfag har ei profilering av pedagogisk utdanning innan musikk, dans, drama og teater. Fakultetets PPU-seksjon har eit unikt studie- og fagmiljø på tvers av kunstfaga. Studiets profil blir også kjenneteikna av eit rikt forgreina entreprenørskap innan kunstområdet, med vekt på å gje grunnlag for allsidig utøvande og pedagogisk yrkesinnsats.

Seksjonen høyrer til Avdeling for jazz, dans PPU og musikkproduksjon, som blir leidd av Jens Torolf Larsen.

Søknadsfrist 1. mars

Søknadsfrist for PPU i utøvande og skapande kunstfag er 1. mars. Les om studieprogrammet og korleis du søkjer.

Kven undervisar i kva i PPU- seksjonen?

Her finn du ein oversikt over alle tilsette i PPU- seksjonen.

Seksjonsleiar er Sanna Pauliina Törmälä- Tranberg. Ho er også studieprogramleiar.

  • Flønes, Mari - dansedidaktikk
  • Manum, Kari Marie - pedagogikk, kunstfagdidaktikk
  • Onarheim, Theodor Barsnes - jazzdidaktikk
  • Rønnes, Kari Olene Oma - vokal- og kunstfag didaktikk
  • Røsbak, Morten Dahlseng - grunnskoledidaktikk
  • Törmälä-Tranberg, Sanna Pauliina - pedagogikk, kunstfagdidaktikk (permisjon fom. august 2025 - tom. juli 2028)

Les meir om dei tilsette i PPU- seksjonen

Førsteamanuensis i dans (vikariat)
Fakultet for utøvende kunstfag
Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon
Universitetslektor i musikkpedagogikk og kunstfagpedagogikk
Fakultet for utøvende kunstfag
Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon
Universitetslektor i jazz
Campus Bjergsted
Fakultet for utøvende kunstfag
Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon
Dosent II i musikkpedagogikk
51834027
Fakultet for kunstfag
Fakultet for utøvende kunstfag
Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon
Universitetslektor i PPU
51831224
Fakultet for utøvende kunstfag
Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon
Universitetslektor i musikk i skolen
Fakultet for utøvende kunstfag
Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon
Jazzskolen drives av studenter som tar PPU i skapende og utøvende kunstfag. Foto: Morten Berentsen
Jazzskulen er eit av fleire undervisingsprosjekt som blir drive av studentane som tar praktisk pedagogisk utdanning (PPU) i skapande og utøvande kunstfag ved Fakultet for utøvande kunstfag (UiS). Foto: Morten Berentsen.

Fakultetet si PPU-utdanning har eii unik profilering av pedagogikk innan musikk, dans, drama og teater. Denne profilen blir mellom anna kjenneteikna av eit rikt forgreina entreprenørskap innan kunstområdet, med vekt på å gje grunnlag for allsidig utøvande og pedagogisk yrkesinnsats. Kontakten med praksisfeltet omfattar både pedagogiske og utøvande område.

Bjergsted kulturpark er ein smeltedigel av arbeidsliv, og PPU-utdanninga har samarbeidsavtale med Stavanger kulturskule og MDD ved Stavanger katedralskule. Elles er vi innom ulike grunnskular i Stavanger og Randaberg, og ved Vågen vidaregåande og Sandnes kulturskule.

Alle som underviser og rettleier på PPU-utdanninga har høg pedagogisk og didaktisk kompetanse og kunstfagleg bakgrunn.

Kunstfaglege PPU-studium med søknadsfrist 1. mars

Les meir om Fakultet for utøvande kunstfag