Lokale og nasjonale tiltak skal sikre at barnehagane jobbar aktivt med å bygge kapasitet, både materielt og menneskeleg. Forskarar har undersøkt korleis ein kan få til ei berekraftig utvikling over tid.
Når ein snakkar om bygging av kapasitet, kan dette vere snakk om enten på individnivå eller organisasjonsnivå.
Kapasitet på individnivå handlar ifølgje Pål Roland om summen av kompetanse, motivasjon og verdiar hos kvar enkelt tilsett i barnehagen.
Han er forskar på Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.
– Når ein koplar saman kompetanse, motivasjon og verdiar, vil kapasitetsomgrepet fortelje mykje om kvaliteten på dei tilsette og det arbeidet dei gjer, seier han.
Kapasitet kan også eksistere på organisasjonsnivå, kor summen av kapasiteten til kvar enkelt tilsett inngår. Her vil også andre forhold enn menneske inngå – som eksempelvis økonomi, IKT-system, tilgang til materiell, kvalitet på lokale, system og planar.
God kapasitet på begge nivå gjer barnehagen betre rusta til å gjennomføre endringar.
– Difor er det så viktig å bygge kapasitet over tid, fortel Roland.
Tre sentrale punkt
Det er mange satsingar som vert starta opp for å byggje kapasitet i barnehagen, men det er få som oppnår ei berekraftig utvikling over tid.
Saman med Heidi Omdal ved Universitetet i Agder har Pål Roland studert korleis ein kan byggje kapasitet i barnehagen, slik at dei oppnår betre kvalitet i den daglege utøvinga av praksis.
Saman har dei nyleg publisert ein vitskapleg artikkel på dette temaet. Ifølgje Roland er det tre sentrale punkt for å halde på kapasitetsbygginga i barnehagen over tid.
– Dette må til for å lukkast: endringsleiing, implementeringsprosessar med kvalitet og ei kollektiv orientering, seier han.
Må forstå kva implementering er
I studien har forskarane intervjua ti erfarne styrarar og leiarar frå tre ulike fylke i Noreg, som var med i innovasjonsprosjektet Være sammen fem år tidlegare.
Ein viktig komponent i det prosjektet var å førebyggje sosiale og emosjonelle problem og å byggje sosial kompetanse hjå barn i alderen 1–5 år.
Dei har spurt leiarane om dei har klart å halde fram kapasitetsbygginga og prosessane dei starta med i dette prosjektet og kva som har vore viktig i denne samanhengen.
Tre område var viktige for å sikre vidareføringa av kapasitetsbygginga:
- Sterkt fokus på implementering og berekraftige tiltak. Implementering vil seie å omsetje, lære og ta i bruk kjernekomponentane eller hovudinnhaldet og prosessar knytt til dette.
- Transformasjonsleiarskap
- Utvikling av profesjonelle læringsfellesskap
Leiaren må vera tydeleg
Det er altså viktig at leiaren eller styraren i barnehagen forstår kva som er det mest sentrale ved implementering.
I tillegg bør dei ha eit såkalla transformasjonelt leiarskap. Roland forklarer at det her er snakk om leiarar som klarer å ha gode relasjonar til dei tilsette, finne ei retning i arbeidet, samt evner å stimulere til utvikling i heile personalet.
– Det er viktig at leiaren i barnehagen nyttar fellestida med personalet til utvikling. At vedkommande legg til rette for ein god implementeringsprosess, som skaper forbetringar over tid i dagleg praksis, seier han.
– Hovudinnhaldet som skulle implementerast gjennom «Være saman» var relasjonskvalitet, tidleg innsats, autoritative vaksne, kunnskap om sosial kompetanse og innovasjon, fortel Roland.
Leiaren må finne klarleik i endringsarbeidet og vite kva veg ho eller han skal gå. Dette er viktig for å klare å byggje kapasitet, meiner Roland.
– Når ein byggjer kapasitet, vil dei tilsette etter kvart utøve praksis som er i tråd med nyare forsking. Endringar er i dette tilfellet snakk om å gjere forbetringar og heve kvaliteten – og det gjerast ved å knyte teori og praksis saman relatert til dei omtalte kjernekomponentane, legg han til.
Utvikling av profesjonelle læringsfellesskap
Det siste punktet, som går på utvikling av profesjonelle læringssamfunn, handlar ifølgje Roland om at leiarane melder ifrå at dei treng å ta del i eit profesjonelt fellesskap for å utvikle seg.
– Leiarane som deltok i Være saman, meinte det var svært givande å vera ein del av eit profesjonelt fellesskap, og at det gjorde at dei utvikla seg som leiarar, seier Roland.
Sjølv fem år etter at dei starta opp prosjektet, fann forskarane at det var mykje av kunnskapen og mange av prinsippa som hadde blitt implementert i barnehagane.
Døme på dette var kunnskapen om autoritative vaksne, leiing og korleis ein driv innovasjonar.
– Mykje av denne kunnskapen baserer seg på forskingsbaserte prinsipp som til dømes den autoritative vaksenrolla som handlar om å utøve ein kombinasjon om relasjonsvarme med forventningar og krav, seier han.
Viktig med gode planar for implementering
Roland meiner det er viktig at ein lagar gode implementeringsplanar frå start, og at desse er basert på forsking. Han meiner det generelt er lite kunnskap om innovasjon og implementeringsteori i barnehagen og meiner det burde vore meir utdanning på dette feltet for tilsette i barnehagar.
Barnehagar deltek i stadig fleire endringar, både nasjonalt og lokalt. Desse har alle ulikt innhald, men implementeringsstrategien har relativt likt utgangspunkt for kvar endring som skal gjennomførast, ifølgje Roland.
– Dersom endringsforsøk ikkje vert implementert, vil det heller ikkje skape kvalitetsforbetring i barnehagane, seier han.
– Det har vore lite forsking på organisatoriske forhold som påverkar suksessfull implementering av innovasjonar i barnehagar. Eg meiner det er viktig å fokusere på dette for å få til ei berekraftig kapasitetsbygging i barnehagen – det kan også vera avgjerande for å kunne byggje eit profesjonelt lærande fellesskap, som kan tilføre utviklinga til barna mykje, seier han.
Døme på kva kan inngå i profesjonelle læringsfellesskap, er systematisk teori – refleksjonar om praksis, ein auka grad av samarbeid, inkludering, nettverksbygging og felles utvikling av mål og verdiar.
Tekst: Maria Gilje Strand
Denne artikkelen ble først publisert på forskning.no.
Referansar:
Heidi Omdal og Pål Roland: Possibilities and challenges in sustained capacity-building in early childhood education and care (ECEC) institutions: ECEC leaders’ perspectives. European Early Childhood Education Research Journal, 2020. Doi.org/10.1080/1350293X.2020.1783929
Paul Flaspohler mfl.: Unpacking prevention capacity. An intersection of research-to-practice models and community-centered models. American Journal of Community Psychology, 2008. Samandrag. DOI: 10.1007/s10464-008-9162-3
Pål Roland og Sigrun Ertesvåg: Implementering av endringsarbeid i barnehagen. Bok på Gyldendal Akademisk, 2018. Samandrag
Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver. Utdanningsdirektoratet, 2017.
- Være sammen er eit innovasjonsprosjekt med finansiell stønad frå Kunnskapsdepartementet, som inkluderte 1000 norske barnehagar og 3000 rådgjevarar frå 40 ulike kommunar i Noreg.
- Ein viktig komponent for prosjektet var å førebyggje sosiale og emosjonelle problem, og å byggje sosial kompetanse hjå barn mellom 1-5 år ved å nytte ei autoritativ vaksenrolle i barnehagen.
- Ein autoritativ vaksen er ein som klarar å balansere varme med tydelege krav i det daglege arbeidet med barn. Det vil vera med til å dyrke barnet si evne til å utvikle sosiale ferdigheiter, samt sikre ei trygg tilknyting til omsorgspersonar.
– Dette må til for å lukkast: endringsleiing, implementeringsprosessar med kvalitet og ei kollektiv orientering, seier han.