På denne sida finn du ei oversikt over dei småbøkene som er tilgjengelege på bokmål og nynorsk.
Småbøker er bøker som er delt inn etter nivå, med stigande vanskegrad og tekstmengde. Det er ingen faste kriterium for nivåinndeling i Noreg. Her opererer forlaga med eigne nivåinndelingar, basert på eigne faglege vurderingar. Bøkene er skrivne med tanke på metoden rettleia lesing og for elevar med lese- og skrivevanskar. Samstundes eigner bøkene seg også til repetert lesing og lystlesing.
Språkløyper har laga ei presentasjon om rettleia lesing.
Korleis bruke oversikta
Under blir bøker frå ulike forlag presentert. Nokre av bøkene kan bestillast enkeltvis, medan andre må kjøpast i pakkar. Mange tilbyr også bøkene digitalt, som e-bøker eller appar. Dette blir det opplyst om under den enkelte tittelen. Dersom bøkene har tekst med store bokstavar er dette presisert.
Oversikta er delt inn i sju nivå med stigande vanskegrad og tekstmengde. Lesesenteret si nivåinndeling byggjer på lesefaglege vurderingar.
Når barnet har leseferdigheiter som overstig nivå 7, er biblioteka ein god ressurs til å finne gode bøker.
Lesesenteret har ikkje vurdert språket i bøkene, innhald eller illustrasjonar. Denne vurderinga må du gjere sjølv.
Inntil 20 ord per bok I størst mogleg grad lydrette ord Ei linje per oppslag Repetisjon av ord og frasar Illustrasjonar som støttar teksten
50-125 ord Lydrette ord Innslag av høgfrekvente ikkje-lydrette ord Korte og enkle beskrivande ord, doble konsonantar, konsonantforbindelsar Korte setningar, konjunksjonar, veldig enkle samanhengande tekstar Illustrasjonar som støttar teksten Maks fire linjer per oppslag
250-450 ord Ein del ikkje-lydrette ord, ein del samansette ord Variert setningsoppbygging, overskrifter Tekst som delvis fungerer utan bilde Inntil 10 linjer per oppslag
850-1250 ord Meir ukjent vokabular Varierande setningsoppbygging, rubrikkar Lengre forteljingar med tekst som fungerer utan bilde Meir samansette fagtekstar 15 linjer per oppslag
20–50 korte ord Mange lydrette ord Repetisjonar av ord og frasar Nokre ord med dobbel konsonant, nokre ord med konsonantforbindelsar Korte setningar, noko samanhengande tekstar Illustrasjonar som støttar teksten Ei til to linjer per oppslag
125–250 ord Enkle beskrivande ord, nokre samansette ord, fleirstavingsord og doble konsonantar Fleire ikkje-lydrette ord Enkel samanhengande tekst Illustrasjonar som støttar teksten Maks åtte linjer per oppslag
450-850 ord Meir variert vokabular Variert setningsoppbygging, overskrifter Lengre forteljingar med tekst som fungerer utan bilde Meir samansette fagtekstar Ca. 12 linjer per oppslag