UiS-forskaren hoppar elegant frå likestilling og kjønnsmangfald, velferd og omsorgsforsking til kunstig intelligens og science fiction, ifølgje juryen.
«Ho løftar på sprekt og utradisjonelt vis fram meir marginaliserte forskingsfelt til eit allment og bredt publikum,» står det i grunngjevinga.
Du kan sjå heile grunngjevinga nederst i saka.
Universitetsfondets pris for formidling og samfunnsengasjement blei delt ut under opningsseremonien ved semesterstart på Universitetet i Stavanger måndag 14. august 2023.
Møter mellom teknologi og menneske
Årets prisvinnar deltar i det offentlege ordskiftet både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Ho engasjerer seg i tematikk og problemstillingar som i høgste grad er aktuelle i samfunnsdebatten.
Hellstrand er oppteken av møter mellom teknologi og menneske og å vise fram kva slags moglegheiter framtida byr på. I 2022 blei det særleg tydeleg gjennom kunstutstillinga Caring Futures, som fekk stor merksemd.
Hellstrand er førsteamanuensis i Avdeling for omsorg og etikk ved Det helsevitskaplege fakultet, UiS.
– Det er veldig stas at denne type arbeid tas på alvor og anerkjennast, ikkje berre for min eigen del, men for alle kunnskapsformidlarar der ute. Institusjonelle vilkår i akademia gjer at nettopp formidling og samfunnsdeltaking blir nedprioritert, i tillegg til at det kan være krevjande å stå i det offentlege ordskiftet, seier Hellstrand.
Kunstutstilling som eksperiment
Ho synes det er ekstra kjekt at kunstutstillinga Caring Futures blir trekt fram av juryen.
– Det var eit eksperiment i såkalla «citizen science» – at alle i publikum hadde moglegheit til å bidra til forsking og kunnskapsproduksjon – og til å komme med kritiske refleksjonar, seier ho.
Universitetsfondet jobbar for at UiS kan fortsette å utvikle seg og gi eit best mogleg tilbod av undervisning og forsking innan viktige fagområde. Både for å dekke behova for kompetanse og kunnskap her i regionen og nasjonalt.
Universitetsfondets pris for formidling og samfunnsengasjement for 2022 er ein ærespris. Den går til tilsette og studentar som har utmerka seg innan forskingsformidling, forskingskommunikasjon, kunstnarisk formidling og samfunnsengasjement.
Prisen består av eit diplom og eit stipend frå Universitetsfondet på 50.000 kroner.
Juryen har bestått av
- rektor Klaus Mohn
- tidlegare prorektor for innovasjon og samfunn Rune Dahl Fitjar
- tidlegare leiar for Studentorganisasjonen ved UiS Sara Beitz
- professor Janne Stigen Drangsholt
- sjefredaktør i Dagsavisen Rogalands avis Bjørn Sæbø
- dagleg leiar for Universitetsfondet Cecilie Claviez
Tekst: Benedicte Pentz
Juryens grunngjeving
Her kan du lese heile grunngjevinga til juryen.
«Årets pris går til ein aktiv person med mange bein å stå på som driv formidling på mange felt, både vitenskapeleg og populærvitenskapeleg. Prisvinnaren deltar i det offentlege ordskifet både lokalt, nasjonalt og internasjonalt og engasjerer seg i tematikk og problemstillingar som i høgste grad er aktuelle i samfunnsdebatten. Juryen har særskilt bitt seg merke i korleis kandidaten på sprekt og utradisjonelt vis løftar fram meir marginaliserte forskningsfelt til eit allment og bredt publikum.
I prisåret 2022 har vinnaren vore aktiv i dagspresse, radio og tv, på litteraturfestivalar, seminar og konferansar. Prisvinnaren er tilgjengeleg og stiller opp i ulike medier og på ulike arenaer. Juryen vil særleg trekkje fram prisvinnarens bruk av kunst for å formidle forsking og løfte fram samfunnsaktuelle problemstillingar.
Vinnaren viser eit stort engasjement i det ho gjer, men evnar òg å engasjere og aktivisere publikum. Ho har markert seg som eit framifrå eksempel på tverrfagleghet, der ho elegant hoppar frå likestilling og kjønnsmangfald, velferd og omsorgsforskning til kunstig intelligens og science fiction. Både her og i kunstutstillinga Caring Futures er ho oppteken av møter mellom teknologi og menneske og å vise fram kva slags moglegheiter framtida byr på.
Universitetsfondets pris for formidling og samfunnsengasjement 2022 går til førsteamanuensis på Avdeling for omsorg og etikk ved Det helsevitskaplege fakultet, Ingvil Førland Hellstrand.»
Tidlegare prisvinnarar innan formidling
Prisen gis for innsats de siste årene, og særlig for det kalenderåret prisen gjelder.
Universitetsfondets pris for formidling og samfunnsengasjement
2021: Marie Smith-Solbakken får pris for formidling om Kielland-ulykken
2020: Svein Erik Tuastad får pris for formidling og samfunnsengasjement
Stavanger Forums formidlingspris
Vinnere 1996-2017 ved Høgskolen i Stavanger / Universitetet i Stavanger:
2017 Jo Røislien
2016 Janne Stigen Drangsholt
2015 Klaus Mohn
2014 Leif Inge Tjelta
2013 Ola Kvaløy
2012 Anne Kalvig
2011 Rune Fitjar
2010 Marie Smith-Solbakken
2009 Mari Rege
2008 Dramamiljøet ved IFU og IAS
2007 Petter Osmundsen
2006 Per Dahl
2005 Frank Asche
2004 Erling Roland
2003 Hans Eirik Voktor
2002 Erik Fossåskaret
2001 Roald Berg
2000 Anna Songe-Møller og Mette Arnstad
1999 Gerd Abrahamsen
1998 Terje Aven
1997 Henning Knutsen
1996 Torgrim Titlestad