Strategien vår heiter Drivkraft 2030. Drivkraft 2030 beskriv visjonen vår, våre verdiar, mål og strategiske satsingar.
Drivkraft 2030 er ein revidert versjon av Strategi 2030, og gjeld frå juni 2024 og fram til 2030.
Vi skal vere eit ope og innovativt universitet med høg kvalitet i alle delar av verksemda.
Samfunnsoppdraget vårt er høgare utdanning, forsking, fagleg og kunstnarisk utviklingsarbeid, formidling og innovasjon.
Vi skal bidra til berekraftig utvikling med tanke på økonomi, miljø og sosiale tilhøve.
Vi har ei felles retning som skal pregast av ansvaret for grøn omstilling. Vi skal skape høg trivsel blant studentar og tilsette.
Energi, helse og velferd, og læring for livet er dei tematiske satsingsområda våre.
Visjon og verdiar
Visjon
Universitetet i Stavanger skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vere ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet.
Vårt motto:
Vi vil utfordre det velkjende og utforske det ukjende.
Verdiar
Verdigrunnlaget er styrande for åtferda vår i møte med studentar, kvarandre og samfunnet. Det gjev oss retning for korleis vi skal nå visjonen vår og måla våre som universitet. Universitetet i Stavanger er:
Uavhengig
Studentar og tilsette skal vere i kontinuerleg samspel med samfunnet, samstundes som vi driv uavhengig kritisk søken etter ny kunnskap.
Som institusjon bygd på demokratiske og humanistiske verdiar, vernar vi om akademisk fridom og den uavhengige forskinga, og fremjar ideal som ytringsfridom, integritet og likeverd.
Gjennom kritisk refleksjon og tydeleg kommunikasjon skal tilsette og studentar setje dagsorden for viktige saker og vere aktive deltakarar i fag- og samfunnsdebatten.
Involverande
Vi verdset eit ope samfunn, og skal involvere studentar og samfunnet i den akademiske fellesskapen. Vi deler kunnskapen og kompetansen vår, og bryt ned barrierar mellom ulike fagmiljø og mot verda rundt oss. Ved involvering får avgjerdene eit vidare kunnskapsgrunnlag.
Respekt for at vi alle er ulike og har ulik bakgrunn fremjar sosial og fagleg deltaking. Universell utforming skal prege studia våre og det fysiske og digitale læringsmiljøet. I arbeids- og læringsmiljøet vårt ser vi på mangfald som ressurs.
Skapande
Vi vil flytte grenser for kunnskap og ferdigheiter. Kreativitet og skapande aktivitet skal kjenneteikne den vitskaplege, kunstnariske og administrative verksemda vår.
Vi skal fremje bruk av ny kunnskap og kloke avgjerder internt, og i samfunns- og arbeidsliv. Vi skal gje grobotn for livskraft, gode levevilkår og berekraftig utvikling.
Studia skal vere danningsreiser, som dyrkar fram kritisk tenking og reflekterte livsval hjå den enkelte. Vi skal vere kulturberarar og kulturelle utforskarar.
Profil: eit innovativt universitet
Vi er relevante og synlege gjennom å utfordre, utforske og utvikle samfunnet. Tilsette og studentar samhandlar tett med omgjevnadene i ein internasjonalt retta og innovativ region. Vi har både eit regionalt, nasjonalt og globalt blikk i dei faglege aktivitetane og har internasjonalt orienterte medarbeidarar og studentar.
UiS prioriterer studentaktiv og innovativ læring, undervisingskvalitet og innovasjons- og entreprenørskapsaktivitetar. Vi har framtidsretta utdanningar og kritisk og uavhengig forsking av høg internasjonal kvalitet der idear blir omsette til verdiskaping for individ og samfunn.
Mål for strategiperioden
Gjennom strategiske mål og tematiske satsingar skal UiS bidra til nasjonale mål for universitets- og høgskulesektoren.
Vi skal arbeide for å nå måla våre gjennom prioriteringar som styrker heile universitetet: utdanningar, forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid, innovasjon og samarbeid, organisasjon og infrastruktur. Den statlege rammefinansieringa vår skal disponerast slik at ho legg til rette for måloppnåing.
Alle tilsette ved universitetet har eit ansvar for at vi når måla. Leiarar har eit særskilt ansvar. God leiing er ein føresetnad for at vi skal lukkast med dei strategiske satsingane våre.
UiS skal vere ei drivkraft i kunnskapsutvikling og endringsprosessar i samfunnet.
Satsing | Mål |
---|---|
Grøn omstilling | Grøn omstilling pregar utviklinga av verksemda vår. |
Energi | UiS skapar innovative løysingar for framtidas energisystem. |
Helse og velferd | UiS satsar breitt på kunnskap som kan utvikle nyskapande helse- og velferdstenester. |
Læring for livet | UiS fremjar læring og danning for livet gjennom nye pedagogiske tilnærmingar, og satsar målretta på forskingsbasert kunnskap for barnehage, skole og arbeidsliv. |
Eit ope universitet | UiS fremjar openheit. |
Eit godt lærings- og arbeidsmiljø | UiS har eit godt miljø som bidreg til trivsel, mangfald, rekruttering og gjennomføring. |
Strategiske prioriteringar fram mot 2030
Vi skal vidareutvikle verksemda, tilsette og den faglege profilen gjennom prioriterte satsingar som reflekterer universitetet sine fortrinn, nasjonale strategiar og samfunnet sine behov.
Dei strategiske prioriteringane skal følgjast opp gjennom handlingsplanar institusjonelt og for einingane, og understøttast gjennom fordeling av strategiske middel.
Utdanningane våre skal vere attraktive, fleksible og arbeidsrelevante. Vi skal styrke den økonomiske berekrafta til universitetet gjennom klare prioriteringar, fornying og effektiv ressursutnytting i alle delar av verksemda.
Tematiske satsingsområde for strategiperioden er uttrykk for den faglege profilen og prioriteringane våre, og set retning for bidraga våre til berekraftig samfunnsutvikling, velferd og innovasjon, sikkerheit og beredskap.
Vi forventar høg kvalitet, klar nytteverdi for samfunnet, omfattande tverrfagleg samhandling og utstrekt samarbeid med omverda – regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Styringsparameter
Grøn omstilling
- Prioritere forskingsområde som bidreg til grøn omstilling
- Tildelingar frå målretta samfunnsoppdrag i Horisont Europa
- Studentaktiv og innovativ læring med klare bidrag til berekraftsmåla
- Utvikling av kompetanse som stør grøn og digital omstilling
- Grøn campus (redusert klimaavtrykk frå eiga verksemd)
Energi
- Omstilling av energiforsking og -utdanningar
- Høg kvalitet gjev auka tildelingar frå eksterne konkurransearenaar
- Styrke publiseringa knytt til berekraftige energiløysingar
Helse og velferd
- Framifrå utdanningar innan helse og velferd
- Høg kvalitet gjev auka tildelingar frå eksterne konkurransearenaar
- Styrke publiseringa knytt til helse og velferd
Læring for livet
- Utvikle partnarskap for betre kvalitet i barnehagar og skolar
- Høg kvalitet gjev auka tildelingar frå eksterne konkurransearenaar
- Styrke publiseringa knytt til læring og læringsmiljø
Eit ope universitet
- Utvikling av fleire forskingsprosjekt med samskaping
- Auka bruk av digitale moglegheiter for samskaping, samarbeid og involvering
- Auka digital tilgang til utdanningane
- Fleire studieprogram med tilbod om praksis i arbeidslivet
Eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- Auka mangfald og engasjement blant studentane
- Involvering av fleire studentar i forsking
- Utdanningskvalitet som varetar ulike danningsaspekt
- Systematisk arbeid for å utvikle tilsette sin kompetanse, leiar- og medarbeidarskap
- Arbeidsmiljø som fremjar mangfald, engasjement, tillit, trivsel og medråderett