Campus Bjergsted

Campus Bjergsted ligg i Bjergstedparken nær Stavanger sentrum. Her held Fakultet for utøvande kunstfag til saman med mellom anna Stavanger konserthus, Stavanger katedralskule avd. Bjergsted og Stavanger kulturskule.

Publisert Sist oppdatert

Bjergsted kulturpark

Studenter på campus Bjergsted. Foto: Marius Vervik, 2018

Med unntak av Byparken er Bjergsted kulturpark Stavangers største sentrumsnære friområde. I samband med bygginga av konserthuset vart parken utvida i retning sjøen og sentrum. Uteamfiet ved konserthuset har ein kapasitet på inntil 10.000 menneske. Til dagleg er det ein sosial møteplass i eit landskap som inviterer til leik, mylder og kunstopplevingar.

Eit rikt planteliv, benkar og lyssetjing, kunstinstallasjonar, nye uteplassar mellom skulane, ein ny fotgjengarundergang som knyter konserthusamfiet til det eksisterande gangveisystemet, gjer parken endå meir brukarvenleg – for einkvar.

Bjergsted kulturpark skal vere eit nasjonalt kraftsenter for musikk og kunst.

Bjergstedvisjonen

Bjergsted kulturpark er det namnet seier: Ein park. Grøn og blomstrande vår og sommar, gyllenbrun haust, gråkvit vinter – men alltid klar for å gje deg kulturelle opplevingar! Visjonen er at Bjergsted kulturpark skal vere eit nasjonalt kraftsenter for musikk og kunst. Noko av det særeigne med Bjergsted er det tette sambandet mellom utdanning og profesjonelle utøvarar. Bjergsted er òg senter for fritidsmusikklivet og for festivalar.

Rød- og hvitkledt danser løfter hvit parkbenk på høykant
Om våren arrangerer dansestudentane ei stedsspesifikk framsyning i parken.

Stavanger Symfoniorkester speler ei sentral rolle i Bjergsted kulturpark i det nye konserthuset sitt. Stavanger konserthus er arena for ulike sjangrar – klassisk, pop, rock, country, soul, dans, revy, opera, teater, musikalar. Stavanger konserthus styrker mangfaldet ytterlegare og byr på framsyningar som ein tidlegare ikkje har kunna oppleva i regionen.

Bilde frå vakre Bjergsted

Studentbustadar i Bjergsted
Bjergsted kulturpark
Bjergsted kulturpark
Kuppelhallen
Oversikt over Campus Bjergsted
Stavanger konserthus
Gamle Stavanger
Gamle Stavanger

Bli kjent med Fakultet for utøvande kunstfag

Kontakt

Telefon: + 47 51 83 40 00 
E-post: bjergsted@uis.no 

Besøksadresse
Bjergsted 1 
4007 STAVANGER 

Opningstider i ekspedisjonen 
Måndag, onsdag og fredag: 
10:00-11:30 og 12:00-14:00. 
Stengt i lunsjen: kl. 11.30–12.00. 
Tysdag og torsdag: stengt.  

Postadresse
Universitetet i Stavanger 
Fakultet for utøvende kunstfag 
4036 Stavanger 

Finn fram (Mazemap)

Samarbeidspartnarar