Marie Larsen Gellein har tatt éin bachelorgrad og to mastergrader på Handelshøgskolen ved UiS. Det er det fleire grunnar til.
Stilling: Revisor
Arbeidsstad: KPMG
Utdanning: Bachelor i økonomi og administrasjon, master i økonomi og administrasjon, master i rekneskap og revisjon
Spesialisering under master i økonomi og administrasjon: Spesialisering i økonomisk analyse, og med finans som «minor»
Marie Larsen Gellein
Kvifor valde du å studere studere til å bli siviløkonom, og så ein mastergrad i rekneskap og revisjon?
Det var på vidaregåande at eg fekk interesse for økonomifaget (eg gjekk allmenn og økonomiske fag), og då særleg samfunnsøkonomi etter ei innleveringsoppgåve om spelteori som eg syntest var veldig spennande. Det var då klart for meg kva eg ville satse på vidare.
Å studere rekneskap og revisjon blei aktuelt då eg hadde arbeida som revisor etter eg gjekk ut frå Handelshøgskolen ved UiS som siviløkonom. Eg hadde opparbeida meg godt med praktisk erfaring, men ønska å få meir fagleg påfyll for å forstå det store bildet. I tillegg var denne vidareutdanninga gunstig med tanke på vidare karriereutvikling.
Eg valde å studere dette på UiS nettopp på grunn av det toårige programmet, som eg opplevde var meir gjevande i omfang enn fleire tilsvarande program som kunne bli fullført innan eitt år.
Kvifor valde du Universitetet i Stavanger og Handelshøgskolen ved UiS?
Utgangspunktet for valet av UiS og Handelshøgskolen var nok mest av praktiske årsaker. At eg har haldt fram med å velje UiS og Handelshøgskolen igjen (og igjen) skyldast fleire faktorar. Eg opplevde både eit godt sosialt og faglig miljø, som inkluderte førelesarar og studentar. Det faglege tilbodet var også attraktivt og svært treffande for mine interessar, då særleg med tanke på spesialiseringa i økonomisk analyse. Kvaliteten på det faglege tilbodet har også vore på eit solid nivå, med kompetente førelesarar - som er veldig viktig!
Korleis såg ein typisk studiekvardag ut for deg?
Eg har studert i ein del år og har fått testa ut forskjellige studiekvardagar. Den kvardagen eg opplevde som mest positiv var prega av jamleg deltaking på førelesingar, gruppearbeid og bruk av bibliotek eller lesesal. Å legge opp til «heile» skuledagar som ei rutine, sjølv om det ikkje alltid innebar førelesingar heile dagen, var motiverande for å arbeide jamnt og trutt. Dessuten var det sosialt, og eg blei godt kjend med andre medstudentar på denne måten. I periodar var eg også engasjert i studentorganisasjonar og studentpolitikk, og var ofte på campus også utanom studietid. Det opplevde eg var veldig berikande for studietida.
Er det noko du hugsar spesielt godt frå studietida?
Eg har mange gode minne! Å engasjere seg i studentlivet gav meg ei ny oppleving av det å vere student, og eg blei kjent med mange nye menneske - både andre studentar og tilsette ved UiS.
Noko av det eg likte aller best har vore å arbeide meg større akademiske oppgåver. Sentralt her er bacheloroppgåva og dei to masteroppgåvene eg har skrive. Kanskje blei eg velsigna med spesielt gode rettleiarar, men i det arbeidet koste eg meg verkeleg. Både med hensyn til måten å lære på, og fordi ein gjennom denne typen arbeid får vist sine evner på ein annan måte enn ved vanlege eksamenar. Det var også veldig motiverande at rettleiarane oppmuntra til fagleg utfolding og viste begeistring for min entusiasme. Eksamensperiodane står også igjen som gode minne: Då var me mykje på campus og hadde selskap i kvarandre i oppturar og nedturar.
Les også: To masterstudentar frå Handelshøgskolen ved UiS har fått publisert studien frå masteroppgåva si i ein internasjonal journal
Korleis var studiemiljøet?
Eg har positive erfaringar med studiemiljøet på UiS. Eg fekk testa ut å vere student både utan særleg engasjement, og med stort engasjement - og sistnemnte var utslagsgjevande for opplevinga. Studiemiljøet er veldig bra, og det bør oppsøkast aktivt!
Kva har du jobba med etter studiane?
Eg begynte som revisor i KPMG då eg gjekk ut som siviløkonom i 2013, og arbeider der ennå. Det er ein spennande jobb prega av mykje læring, eit dynamisk arbeidsmiljø og ein variert arbeidskvardag som eg trivst godt med.
Les også: Gjennom «Business Week» har studentar frå Handelshøgskolen ved UiS fått knytt verdifull kontaktar med arbeidslivet
Kva tok du med deg inn i arbeidslivet frå det du lærte her?
For min del har kombinasjonen av finansfag og analytiske fag gitt eit godt kompetansegrunnlag for å byggje vidare på i arbeidet som revisor. Det er ikkje alltid at alt ein lærer er direkte overførbart til arbeidslivet, men ein viktig del av å studere er å lære seg fagspråket, opparbeide fagleg forståing, og ulike måtar å tenke på. Særleg det å opparbeide seg analytiske eigenskapar har vore gunstig for utfordringar eg møter i arbeidskvardagen.
Les også: Lærer om motivasjon på arbeidsplassen gjennom å jobbe som konsulentar
Har du nokre tips til nye studentar?
For å få det beste ut av studietida så trur eg det er viktig å tørre å kaste seg ut i det. Eg trur mange studentar er redde for å feile, og dermed å prøve, men å feile er som regel lærerikt og sjeldan ein katastrofe. Å lage seg faste rutinar frå starten av kan vere nyttig for mange.
Start gjerne semesteret med å delta i fadderveka, det gjer oppstarten på studiet enklare. Så vil eg anbefale å delta i studentmiljøet.
Les også: Økonomistudent Karl deltok på Nordens største økonomifestival
Tør å delta aktivt i førelesingar, engasjer deg i arbeide saman med andre, og finn deg nokon du kan lese/jobbe saman med. Er det noko som er vanskeleg - enten fagleg eller elles, - ta kontakt med førelesarane eller administrasjonen og få hjelp. I administrasjonen er det eit svært hjelpsamt apparat som finn løysinger på det meste.
Sist, men ikkje minst: Hugs at du sannsynlegvis ikkje kjem til å oppleve alle fag like spennande. Men det er heilt normalt, og det er god trening i å lære seg å orke å fullføre kjedelege ting også (for det vil du oppleve i arbeidslivet òg).
Les også: To intensive masterår har fått ein ekstra intensiv og lærerik studiestart
Ta økonomifag på Handelshøgskolen ved UiS
Aktuelt frå Handelshøgskolen ved UiS
Ola Kvaløy utnevnt til utvalg om sirkulær økonomi
Regjeringen setter ned en ekspertgruppe for å se på virkemidler for å redusere ressursbruken og bidra til en mer sirkulæ...
Senter for innovasjonsforskning opprettes som forskningssenter i fem nye år
Det nåværende senterets funksjonstid utløp den 31. desember 2023. Søknaden om å etablere senteret på ny ble godkjent av ...
Roald Martinussen 70 år
Vi gratulerer vår kjære kollega, dosent Magnus Roald Martinussen med 70-årsdag søndag 28. januar.
Menn og yngre har høyest lederambisjoner blant sykepleiere
Ledere som støtter, lytter og verdsetter ansatte er svært viktig for sykepleieres ambisjoner om videre karrierevalg i he...
Nytt årsstudium i økonomi og ledelse
Lyst til å teste økonomistudier? Nå kan du ta et årsstudium i økonomi og ledelse ved Universitetet i Stavanger!
Doktorgrad om hvordan elevers tankesett påvirker læringsresultater
Elin Svensen disputerte for ph.d.-graden i sosiologi, sosialt arbeid, kultur og samfunn ved Det samfunnsvitenskapelige f...
Ser verden med nye briller etter fullført Executive MBA
– Jeg kommer til å få nytte av denne graden både i jobben min i politiet og i politikken sier Mushrifa Ali Mubarak. Hun ...
Studentar konkurrerte om beste konsulentrapport
Også i år fekk studentane i kurset “Economics of Motivation” prøva seg som konsulentar i arbeidslivet for å testa ut teo...
Nordens største økonomifestival – for sjuende gang
Tradisjonen tro inntar økonomer, samfunnsdebattanter, politikere og fagfolk en rekke scener og puber i Stavanger i slutt...
Øk barnetrygden og innfør løpende barnehageopptak for å forhindre at fattigdom går i arv
Ekspertgruppen om barn i fattige familier leverte tirsdag 17. oktober sine anbefalinger til barne- og familieminister Kj...
Møt Mona, ein av dei første masterstudentane i rettsvitskap i Stavanger
Denne hausten starta dei første studentane på det nye masterstudiet i rettsvitskap ved Universitetet i Stavanger. Om to ...
Lærer studentane å bruka KI
Det vil vera avgjerande å meistra KI-teknologi i framtida. Som student ved Handelshøgskolen ved UiS lærer du korleis du ...
Marte Solheim tildelt pris for framifrå bidrag til regionsforsking
Marte Solheim er tildelt Regional Studies Associations pris "Distinguished Service Award" for 2023. Prisen blir delt ut ...
Rune Dahl Fitjar blir ny leder for Senter for innovasjonsforskning
Fitjar er professor i innovasjonsstudier og kommer fra stillingen som prorektor for innovasjon og samfunn ved Universite...
UiS-forskere hevder seg på internasjonal ranking
Ron Boschma og Bjørn Terje Asheim, begge tilknyttet Senter for innovasjonsforskning ved UiS, er på Research.coms rangeri...
Nytt studieprogramråd for Master i økonomi og administrasjon opprettet
Rådet består eksterne interessenter fra samfunn- og næringsliv og akademia. Hensikten med rådet er å forbedre kvaliteten...
Ola Kvaløy fortsetter som dekan ved Handelshøgskolen
Dekan ved Handelshøgskolen ved UiS, Ola Kvaløy, får fornyet sitt åremål med fire nye år.
Gode søkertall til ny jusutdanning i Stavanger
Fra høsten 2023 tilbyr Universitetet i Stavanger for første gang full jusutdanning. Det har hatt effekt på søkingen til ...
Handelshøgskolen ved UiS øker forskningsproduksjonen og kvaliteten
Forskerne ved Handelshøgskolen ved UiS produserte mer forskning og publiserte flere artikler i topptidsskrifter i 2022 e...