Universitetet i Stavanger samlar forskinga si på kunstig intelligens og inviterer omverda til samarbeid. Fredag 6. november blei Stavanger AI Lab lansert.
Over 50 forskarar og enda fleire studentar på UiS jobbar med kunstig intelligens. Dei driv med alt frå helseteknologi til søkjemotorar og smarte byar. Målet er å bruke kunstig intelligens til å løyse reelle utfordringar, og derfor står samarbeid med eksterne aktørar heilt sentralt.
- Vi ønsker enda meir forskingssamarbeid, både med bedrifter, offentlege etatar og andre forskingsmiljø, seier Tom Ryen.
Han leier Institutt for data- og elektroteknologi (IDÉ) og frontar nyskapningen Stavanger AI Lab, som er universitetet si satsing på kunstig intelligens. Åtte forskargrupper på UIS samlar seg no under denne paraplyen for å bli meir synlege mot omverda.
Forsking og innovasjon
Ryen ønskjer å kome i kontakt med dei riktige partnerane til å løyse konkrete utfordringar gjennom samarbeid. Det kan skje som forskingsprosjekt eller oppgåver for maststudentar.
- Her er det høve til å få hjelp til både forsking og innovasjon, seier han.
Ryen understrekar at ikkje alt handlar om forsking. Eit anna mål er å heve kompetansen innanfor kunstig intelligens, både for dei som jobbar med teknologiutvikling, men også generelt i samfunnet.
- Derfor er også studium og etter- og vidareutdanning svært viktig for oss, seier Ryen.
Offisiell opning
Forskingsgruppene :innanfor AI jobbar breitt. Blant temaa er analyse av helsedata for betre medisinsk behandling, smartby-teknologi, søkemotorar og falske nyhende, nye nettverksteknologiar som 5G, sikrare digital infrastruktur, informasjonstryggleik og blokkjedeteknologi, maskinlæring i energisektoren, biologiske prosessar og menneskeleg åtferd og læring.
Forskarane samarbeider med aktørar som Laerdal Medical, SUS, Lyse, Idello, Google og Stavanger kommune. UIS er også ein av partnerane i Norwegian Artificial Intelligence Research Consortium (NORA).
Stavanger AI Lab blir offisielt opna på Zoom fredag klokka 11:30. Toril Nag, konserndirektør Tele i Lyse, held opningstalen. Tom Ryen vil introdusere Stavanger AI Lab og Øyvind Meinich-Bache i Laerdal Medical vil vise korleis han nyttar AI i den helseteknologiske forsking si.